Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneHedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Les mer …
Olav Joleik (fødd 22. februar 1907 i Lusambo i Kongo, død 23. september 1999 i Flora) var jordbruks- og skogsarbeidar, fiskar og småbrukar, sjømann og krigsseglar. Gjennom det meste av livet sitt budde han i Eikefjord, der han også hadde vakse opp. Olav hadde norsk far og afrikansk mor, noko som gav han ein utsjånad som skilde han ut frå det som folk var vane med i ei lita sunnfjordsbygd på det meste av 1900-talet. Gjennomgådde kjelder viser ikkje anna enn at Olav Joleik var fullt og heilt akseptert og integrert i lokalmiljøet i oppveksten og som vaksen. Men folk som kjende han godt, refererer til ei oppleving i møte med storsamfunnet som dei tolkar som aktiv diskriminering. Olav hadde planar om å ta befalsutdanning, men skal ha blitt avvist fordi han ikkje var «reinrasa» norsk. Les mer … Kathe Rita Lasnik (født 13. oktober 1927 i Oslo, død 1. desember 1942 i Auschwitz–Birkenau) var en 15 år gammel skoleelev som ble deportert og drept i konsentrasjonsleiren Auschwitz som følge av deportasjonen av jødene under andre verdenskrig. Kathe Lasnik var ett av fire barn i familien Lasnik, og var «attpåklatten», født 14 år etter den nest yngste søsteren Elise (f. 1913). I tillegg hadde hun også storesøstrene Jenny (f. 1909) og Anna (f. 1911). Foreldrene, Dora (født Meszansky i 1888) og Elias Lasnik (f. 1887), hadde innvandret til Kristiania fra Vilnius i det daværende russiske keiserrike sommeren 1908 da det var vanskelig å leve som jøder der, med begrensede rettigheter og begrensninger på hvor de kunne bo. Det var også en svært stor fattigdom i den jødiske ghettoen i Vilnius, og de reiste da Elias Lasnik ble innkalt til militærtjeneste. Særlig Dora hadde mange slektninger i Kristiania, herunder brødre og søstre. Les mer … |
Ukas artikkelRandi Andersdotter Solem (fødd 1775 eller 1776 i Tiller, død 27. august 1859 i Strinda) var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas. Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 719 artikler og 218 393 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |