Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artikleneEline Sylfestdotter Forberg (fødd i Oppdal 7. januar 1868, død i Skjåk i januar 1958) var lærar og gardbrukar. Særleg blir ho hugsa for si sentrale rolle i det kristelege organisasjonsarbeidet i Skjåk og som innehavar av ei rekkje offentlege tillitsverv i bygda.Foreldra var Sylfest Sylfestsen Lund (1825–1908) og hustru Hanna (Johanna) f. Kvitlom (1831–1880). Faren var fødd og oppvaksen på garden Eide i Skjåk. Hanna Kvitlom var frå Lesjaskog. Dei hadde gifta seg i 1856, og fekk i alt ni born, fødde i tidsrommet 1857–1878. Eline var nummer seks i rekkja. Familien dreiv gardsbruk fyrst i Vågå til 1861, så på Lesjaskog 1861–1867. Det sistnemnde året flytta familien til Oppdal, der dei hadde kjøpt austre bruket på Hustøfte (Hustoft), som var mest for eit småbruk å rekne. Der slo familien seg til ro. Eline vart fødd året etter at familien tok til på Hustøfte. Faren Sylfest var ein kjend emissær med bakgrunn i den haugianske vekkinga i barndomsbygda hans dei fyrste tiåra av 1800-talet. Flyttinga frå Skjåk til Vågå, Lesja og Oppdal hadde nær samanheng med det religiøse engasjementet. To av brørne til Sylfest var også lekpredikantar, gardbrukaren Ole Eide og den yngre broren som også heitte Ole, men som i likskap med Sylfest tok etternamnet Lund. Lærar og kyrkjesongar Ole Lund gjorde seg sterkt gjeldande i kristenliv, politikk og samfunnsengasjement i Skjåk i ein femtiårsperiode frå ca. 1860 til han døydde i 1912. På fleire vis kom Eline til å fylle den plassen som farbroren hadde hatt i bygda, da med unntak av det politiske. Les mer …
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk. Les mer …
Lars Reinton (født 29. mars 1896 i Hol i Hallingdal, død 15. oktober 1987 i Oslo) var lærer og historiker, dr. philos. Fra 1955 var han statsstipendiat. Reinton viet store deler av sitt liv til å skape en god vitenskapelig og organisatorisk ramme om lokalhistorien, og det er denne innsatsen han huskes best for i dag. Han var blant annet leder for Landslaget for bygde- og byhistorie i 25 år, fra 1945 til 1970. Hans bygdebok om hjembygda Hol ble veiledende for senere verk. Også mye av hans akademiske arbeid er nært knyttet til lokal- og slektshistoriske temaer. Det gjelder definitivt hans doktoravhandling fra 1939 om Villandane, og kan med god rett sies også om hans seinere store arbeid om seterdrift i Norge. Les mer …
|
Ukas artikkelRandi Andersdotter Solem (fødd 1775 eller 1776 i Tiller, død 27. august 1859 i Strinda) var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas. Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår.Les mer... Ukas bilde
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien hadde 2,6 millioner besøk i 2023, og akkurat nå har vi 77 707 artikler og 218 374 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |