Agatunet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå Norsk Tidend 22. februar 1937: Artikkel om då Agatunet vart freda.

Agatunet i Ullensvang herad i indre Hardanger i Vestland fylke er i dag eit friluftsmuseum med fleire freda hus. Det ligg nord for Odda og sør for UtneSørfjorden si vestside. Saman med mellom anna Voss folkemuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Hardanger folkemuseum er Agatunet ein del av Hardanger og Voss museum.

Museet er eit godt døme på eit vestlandsk klyngetun. I byrjinga var Aga eit høvdingsete, og ein av dei største gardane i Hardanger i mellomalderen. Den eldste bygnaden er Lagmannsstova fra 1220, som òg er den eldste trebygnaden i Noreg som står på den opphavlege plassen. Tunet vart freda i 1937, samstundes med at dei siste sjølveigande bøndene budde der.

Bilete

Kilder


Koordinater: 60.3000821° N 6.602729° Ø