Forside:Landbruksutstyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Landbruksutstyr
Landbruksutstyr
 
Smakebitar
Hesteseletøy, tegna av Harald Kompen
Foto: Ingunn Kompen: Etnedal Husflidslag, Årbok for Valdres 2010, side 161.
NEG 77 Hesteselen er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1960 med tittel Hesteselen. Utsendar var estaren Helmut Hagar. Det vart i 1963 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 97 Hesteselen - tilleggsliste.   Les mer …

Brynstokk (brynestokk, bryn(e)strump, bryn(e)strunk) (t.v.) og eit utval av Brynestein (grove bryne) og heinar (fine bryne) i ulike materiale, former og størrelsar.
Foto: Olve Utne, 2008
NEG 3 Brynet er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1947 med tittel Brynet. Utsendar var Lily Weiser-Aall, Hilmar Stigum.   Les mer …

Borghild Paulsberg på Stensli ved Gjøvik bak plogen.
NEG 1 Ard og plog er den fyrste av Norsk etnologisk gransking sine spørjelister med tittel Ard og plog frå 1947. Det er likevel den andre spørjelista dei sendte ut. Utsendar var Hilmar Stigum. Det var 265 registrerte svar.   Les mer …

Nappakrok («høytjyv») frå Aure kommuneNordmøre.
Foto: Olve Utne
Ein nappakrok, nappekrok eller ein høytjuv (nynorsk/bokmål), òg skrive høytyvbokmål, er ein harpunliknande reiskap som blir bruka til å nappe ut høy frå hardtrappa høystål. Høyet skulle nappast ut slik at kanten av høyet stod som ein loddrett vegg. Dermed kunne ein følgje med forbruket utover vinteren. På midtvintersdagen (12. januar) skulle ikkje meir enn halvparten av høyet vera oppbruka.   Les mer …

Bering av høybåre på TustnaNordmøre i juni 2012.
Foto: Hallgjerd Utne
Ei høybåre er ein stigeliknande landbruksreiskap som blir bruka til å bera inn høy under slåttonna. Høybåra har nok særleg vorte bruka på husmannsplassar og på sjølveigande småbruk som ikkje var store nok til å ha, eller leige, hest og vogn. Høyet blir kasta ihop til rekkjer og ordna i kjemmer med riva. Så legg ein kjemmene på båra, ei for ei, til lasset er stort nok. Lasset blir gjørdt (gyrdt) med eit taug med reiphegd (trelykkje) i eine enden, og så ber to personar båra mellom seg til låven eller løa. Vel inne blir tauget teke av lasset, og ein velter båra slik at høyet legg seg på stålet. Etterpå blir høyet tradisjonelt kasta til rettes og nedtrakka. Høyet skulle vera kompakt så «høyveggen» stod loddrett utover vinteren — slik følgte ein med kor mykje av høyet som var att.   Les mer …

Aebi AM 53 med kort kardang vogn
Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i vestlandsk jordbruk må ha ein god del av æra for at kulturlandskapet i landsdelen er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Definisjon for traktor vart etter kvart maskin med roterande kraftuttak (PTO) for drift av påkobla arbeidsmaskiner. Dermed ser vi store motorslåmaskiner og små tohjulstrakturar utan å forstå kva er kva. Kraftuttaket vart mest brukt til drift av såkalla «kardangvogn», firehjulsdrift ved bruk av tilhengar, slåtteapparat, motordriven jordfres og vinsj. Ein prøvar å samle informasjon på sida om Tohjulingar og spesialmaskiner i landbruk og hagebruk.

Kring 1920 kom dei fyrste tohjulingane til landet, men fyrst etter 1945 vart det fart i sal av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor i dei brattlendte vestlandsbygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Derfor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor.   Les mer …
 
Kategoriar for Landbruksutstyr
 
Andre artiklar