YX Sykkylven Grebstad bil

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

YX Sykkylven Grebstad Bil AS er ein bensinstasjon og bilverkstad i Sykkylven. Det var Kjell W. Grebstad, kona Berta og sonen Ståle som kom i gang med bensinstasjon i Hau-Ola-garden på Blindheim i 1964. På samme tida starta familien opp Sjøbakken Camping på andre sida av vegen.

Etter nokre års drift vart Kjell W. Grebstad sjuk, og kunne difor ikkje vere med så mykje som før. Men dei to yngre sønene hans, Bjarte og Ola Inge Grebstad, kom snart med i arbeidet, og dei vart medeigarar i firmaet då det vart omskipa til aksjeselskap, Grebstad Bil AS, i 1978. Bjarte Grebstad tok over drifta av campingplassen, og Ståle og Ola Grebstad fekk med seg Inge Holmøy på eigarsida i Grebstad Bil.

Dei første åra var stasjonen kjent som Mobilstasjonen i Sykkylven, etter oljeselskapet Mobil. Så gjekk dei over til Hydro Texaco, som seinare vart profilert under merket YX.

Stasjonen vart modernisert og utvida fleire gonger. Stasjonen kunne by på to vaske/servicehallar på 90 m2, ei moderne rekvisitaforretning, pumper for bensin, dieselolje og gass og fullt utstyrt bilverkstad. Bilverkstaden var knytta til Mekkonomen-kjeda. Slik var det også då nye drivarar kom inn etter at Grebstad-familien selde seg ut i 2016.

I 2024 fekk stasjonen nytt namn, Autotech, då Ottar Hellebostad og brørne Leif Kjetil og Nicolai Lorentzen tok over stasjonen og verkstaden. Dei heldt fram i Mekkonomen-kjeda. Ved oppstarten hadde dei nye eigarane planar om å satse på heilautomatisk drift av bensinpumper og vaskehall. Med fleire el- og hybridbilar på vegane ønskte dei å bli aktive også på den marknaden.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Nyss 31.5.2024.