Aagot Noss førebur utstillinga Folk og klede på Norsk Folkemuseum i 1994. Foto: Bjørg Disington/Norsk Folkemuseum (1994) Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho. Les mer …
Stølsområde ved Ruken på Ustaoset, Hol kommune. Foto: Lars K. Ødegaard/Hol bygdearkiv Lars Kristianson Ødegaard (Øygarde) (fødd 17. november 1877, død 5. april 1933) var lærar og fotograf. Han vaks opp på nordre Øygarden i Lien, aust for Geilo, Hol, som femtemann i ein syskjenflokk på åtte. Foreldra, Kristian Tolleivson (1828-1912) frå nordre Sveinhaug og Barbro Eilivsdotter (1843-1919) frå Bryplassen (Dagali), var gardbrukarar.
Lærarutdanninga tok han ved Elverum friseminar, der han er oppført som elev i 1900. Før han var ferdigutdanna, virka Lars som lærar ved Skurdalen skule mellom 1897 og 1899. Etter lærarskulen flytta han i 1902 til Nes, der han fyrst arbeidde ved Dokken skule og seinare ved Skåterudmoen. Les mer …
Olav Reinton foreviga kvardagslivet i bygda. Denne vesle pjokken i velbruka brok er Ingvald Slettemoen kring 1911. Foto: Olav Reinton. Kjelde: Bilete frå Hol, 1993. Olav Reinton på orgelkrakken, kring 1910-12. Hol bygdearkiv eig biletet.
Olav Reinton (født 31. januar 1886, død 17. september 1916) var heradskasserar i Hol kommune. Han verka også som organist og fotograf.
Reinton vaks opp på klokkargarden Solvang (19/8) i Holet, Hol kommune, og var son av lærar og klokkar Sigurd Olson Reinton og Ågot, født Tolleivsdotter Skattebøl frå Ål. Han var eldst i ein syskjenflokk på tolv (to døydde rett etter fødselen), og blant syskjena var Sigurd og Lars Reinton. Reinton døydde av tuberkulose berre 30 år gamal.
Kring 1907 byrja Reinton å fotografere, og det heldt han fram med til han vart sjuk kring 1914. Reinton reiste mykje rundt og dokumenterte både kvardagsliv og høgtid i bygda. I tillegg tok han portrett og landskapsbilete og utga også prospektkort. Mange av fotografia er samla i boka Bilete fra Hol [1] Dei to siste åra han levde var det syskjena som reiste ut for å ta bilete. Det finst kring 900 glassplater etter Reinton, som Hol kommune har fått i gåve frå syskjena. Reinton førte også protokollar med notat for kvart bilete, som også er bevarte. Les mer …
|