Forside:Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Skjåk kommune
0513 Skjak komm.png

Skjåk kommune ligg i Innlandet fylke, lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866. Da hadde namnet skriftforma Skiaker. Kommunen er geografisk samanfallande med Skjåk prestegjeld med dei to sokna Skjåk og Nordberg. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna.

Kommunen ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen, og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord. Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kolbein Skaare. Fotograf ukjent (Kr. Stakston?).
Kolbein Skaare (fødd i Stryn 10. mars 1873, død i Skjåk 1932) var lærar, klokkar og lokalpolitikar i Skjåk. Han var ordførar der 1914-16 og 1920-22. Han representerte Venstre, eller nærare bestemt Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti. Kolbein Skaare gjekk lærarskulen på Stord. Han hadde også vore ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord, moglegvis på sommarkurs for lærarar som vart haldne der. Fyrste lærarstillinga etter endt utdanning hadde Skaare på Voss. Deretter var han eit par år i Torpa, før han i 1898 kom til Skjåk, der han var tilsett som lærar og klokkar i Nordberg anneks.   Les mer …

Rasmus Blikken.
Foto: Ukjent
Rasmus Blikken (fødd i Skjåk 21. april 1872, død i Åsnes 4. april 1961) var lærar, småbrukar, organisasjonsmann og politikar. Det meste av sitt yrkes- og samfunnsliv verka han i Åsnes kommune i Solør, Toverud krins.Han var oppvaksen i Nørdre Blikka, den gongen husmannsplass under Bakke i grenda Reppen i Skjåk. Foreldra var Lars Torkjellsen Blikken (fødd 5. juni 1877) og Eldri Olsdotter Mallaug (fødd 1832). Faren var skomakar i tillegg til at dei dreiv plassen, slik det framgår av folketeljinga 1875. Rasmus var den yngste av fire sysken.   Les mer …

Tea Kummen 1954. Utsnitt av familiebilete.
Foto: Ukjent

Tea Kummen (fødd i Skjåk 17. august 1893, død same stad 30. januar 1979) var lærar og barnebokforfattar. På ein nokså markant måte braut ho med kjønns- og alderskonvensjonar i si samtid, mellom anna ved at ho tok snikkarutdanning da ho var 60 år gammal. Ho gjekk sterkt inn for målsaka, og var ein betydningsfull aktør i språkskiftet til nynorsk i Skjåk.Fagutdanninga fekk Kummen ved lærarskulen på Hamar og med eit års vidareutdanning på Noregs lærarhøgskule. Fyrste lærarstillinga si hadde ho i Fåberg i 1915. Deretter var ho tilsett ved Marlo skule i Skjåk frå 1916 til 1944. Ho underviste mest i småskulen på 3. og 4. klassetrinn.

Den fyrste barneboka, Villvuru, kom ut i 1931.   Les mer …

Guro Tråstad. Fotograf ukjent.

Guro Tråstad (fødd i Skjåk 28. februar 1891, død på Lom Helseheim 14. mai 1967) var organist og aktiv innan kulturvern og ungdomslagsarbeid. Ho var ei av seks kvinner i Skjåk som stilte som kandidatar på ei rein kvinneliste ved kommunevalet i 1928.

Foreldra var Jon Kristensen Tråstad (f. 1842) og ektefelle Rønnaug Iversdotter Kummen (fødd 1850). Dei var gardbrukarar på Nedre Tråstad i Reppen i Skjåk. I tillegg til folkeskulen i Skjåk og truleg framhaldsskule i Skjåk eller Lom, hadde Guro gått på Voss folkehøgskule hjå Lars Eskeland. Det var vinteren 1911-1912. Ho gjekk også ved Musikkonservatoriet i Kristiania.   Les mer …

Ola O. Skjaak i Brekk. Fotograf ukjent
Ola O. Skjaak (fødd i Skjåk 29. oktober 1836, død same stad 15. september 1921) var gardbrukar, lokalpolitikar og norskdomsforkjempar. Han var ordførar i Skjåk i to periodar (Venstre). Han var fødd på Uppigard Skjåk, men vart med ekteskapet gardbrukar i Øvre Brekk, og blir derfor ofte omtala som Ola Skjåk i Brekk. Namnet hans blir skrive i mange variantar, og det er ikkje heilt på det reine kva han sjølv føretrekte. Ein del etterkomarar nyttar etternamnet Skjaak Bræk.   Les mer …

Frå hytta til Edvard og Anne Grimstad på Sota. Frå høgre: Edv. Grimstad, Anne Grimstad, ukjent, Trygve Steinbakke (frå Skjåk). Turiststaden Sota sæter ligg på andre sida av elva/vatnet.
Foto: Ukjent

Edvard Grimstad (fødd 30. mai 1886 i Skjåk, død 11. september 1955) var lærar, folkeminnesamlar og bibliotekinspektør i Oppland. Han var særleg engasjert i kulturhistoria i Gudbrandsdalen. Grimstad voks opp på garden øvre Grimstad i Skjåk, som son av Peder og Anne Grimstad. Han gjekk ut frå Elverum lærerskole i 1907 og tok eit gymnastikkurs i Oslo i 1911. Han tok òg eit teiknekurs på Hamar i 1916 og eit lærarkurs på Mysen i 1919, medan han i 1922 drog på stipendferd til Sverige og Danmark.

Grimstad byrja som lærar ved framhaldsskulen i Lesja (1907-08) og var deretter tilsett ved skular i Alvdal (1908-10), Fåberg (Nordre Ål skole, 1910-11), Skjåk (1911-14) og Stange (1914-17). I perioden 1918-22 var han lærar ved Ihle skole i Vestre Toten og arbeidde seinare i Lillehammer-skulen. I 1935 vart han tilsett som bibliotekinspektør i Oppland.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Skjåk kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar