Forside:Lom kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lom»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lom kommune
0514 Lom komm.png
Lom kommune er ein kommune og ei bygd i Ottadalen i Innlandet fylke. Kommunen grensar i nordvest til Skjåk, i nord til Lesja, i aust og søraust til Vågå, i sør til Vang og i sørvest til Luster. Noverande Lom kommune er hovudsoknet, Garmo sokn og Bøverdalen sokn av det gamle Lom prestegjeld, og vart etablert som Lom herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1866 vart Skjåk sokn fråskilt Lom herad og prestegjeld.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Stamstadgardane (Sygard og Nordgard) i Lom ca. 1880-1890. Tunet på Nordgard lengst borte. Der var mannen til Rønnaug fødd og oppvaksen, og ekteparet budde der iallfall periodevis. Kor lenge dei levde, og kvar dei døydde, er ikkje bringa på det reine.
Foto: Axel Lindahl/Galleri NOR, Nasjonalbibliotekets biletsamling.

Rønnaug Jonsdotter Frisvoll (Andvord) (fødd i Lom 1812, død 16. mars 1900Østre Toten) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i Garmo sokn, der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) og Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.

Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og Skjåk kommunar). Det var Magnhild Sperstad, som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.

Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå garden Kjæstad, som også ligg i Lom (1806-1896). Pål og Torø Andvord åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad, der Tosten hadde vakse opp. Han var odelsgut, og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, Richard Andvord, som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn.   Les mer …

Magnhild Olsdotter Sperstad (fødd i Skjåk 14. desember 1806, død same stad 1887) var gardkone og jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på garden Øver-Holø på Geilostronda i Skjåk, Foreldra var Ola Rasmussen Holø («Dokter-Holen») (1784-1852) og Mari Sevaldsdotter frå Nørstnes i Lom (fødd ca. 1786). Magnhild var eldst i ein syskenflokk på ni. Foreldra dreiv farsgarden til Ola ei tid. Men dei gav opp drifta og Ola livnærte seg og familien som helsearbeidar, mellom anna ved å drive ei sjukestove for ratesjuke med statsstøtte. Magnhild gifta seg 26. januar 1827 med Hans Hansen Sperstad, gardbrukar på Nørdre Sperstad i Reppen i Skjåk. Ekteparet fekk seks born, fødde i tidsrommet 1826-1847.   Les mer …

Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.   Les mer …

Andreas Austlid.
Foto: Ukjent
Andreas Austlid (fødd 26. desember 1851 i Gausdal, død 27. august 1926Østre Toten) var folkehøgskulemann og lærebokforfattar. Han dreiv friskule i Lom, var lærar ved fleire folkehøgskular, og grunnla sjølv Møre folkehøgskule. Austlid var forfattar av det fyrste heile leseverket for barneskolen på nynorsk. Han var fødd på garden Austli i Østre Gausdal, ein mellomstor gard med tre-fire husmannsplassar den tida Andreas voks opp. Andreas var nesteldste son til husbondsfolket der, Anders Eirikson frå Midtvoll (1812-1889) og Ingeborg Andersdotter frå Toft (fødd 1824). Foreldra hadde kjøpt Austli i 1849. Etter den vanlege allmugeskolen gjekk Andreas i to vintrar på Christopher Bruuns folkehøgskule på Romundgard i Sel (1869-1871). Han var også med den fyrste vinteren etter at skulen vart flytta til heimbygda hans (1871-1872). Tida på folkehøgskulen vart skilsetjande for Andreas, og la retninga for hans seinare virke.   Les mer …

Hovudbygningen på Grinder. Halvor var 13 år gammal da denne bygningen stod ferdig.
Foto: Ukjent.
Halvor Arntzen (fødd i Grue i Solør 27. september 1756, død i Christiania 19. oktober 1832) var utdanna teolog. Han var kapellan fleire stader før han vart sokneprest, fyrst i Lårdal så i Lom.

Foreldra var proprietær og krigsråd Ole Arntzen (1731-1811) på storgarden Grinder i Grue og hans fyrste kone Karen Pedersdotter Vøyen (1733-1769). Båe foreldra kom frå bondefamiliar, men Ole Arntzens krigsrådstittel vitnar om at dei sjølve hadde avansert sosialt til kondisjonert stand.

Halvor hadde 11 sysken som voks opp, og fem halvsysken frå farens andre ekteskap med Marthe Hansdotter Gjerdrum. Syskenflokken, iallfall gutane, fekk uvanleg god utdanning. Foreldra heldt huslærarar som gav dei grunnutdanninga. To av brørne/halvbrørne til Halvor vart teologar som han sjølv, fem vart juristar, ein filolog og tre offiserar. Ein av halvbrørne var høgsterettsassesor, stortingsmann og statsråd Andreas Gjerdrum Arntzen.   Les mer …

Lom stavkyrkje. Presten og klokkaren her var kvasse motstandarar i målstriden rundt år 1900.
Foto: Dag Bertelsen (1997)
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lom kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar